BJØRK   post@bjorknett.no

Bjørnefjorden Ressurs- og Kompetansesenter
Fusa vidaregåande skule   56580900  / 93230453

Velkommen til Bjørk nett no ! 

Bjørk har mange ulike kurstilbod, og i september startar nytt kursår !

 

Bjørnefjorden Ressurs- og Kompetansesenter 
er regionen sin eigen organisasjon for kurs og kompetanseheving.
Bjørk arrangerer kurs i heile regionen etter initiativ frå næringslivet,
frå skulane eller frå deg!

 

Kva kan me tilby ?

· Etter- og vidareutdanning på ulike nivå. 

· Brukartilpassa kurs; kortare og lengre; dag, ettermiddag eller kveld.

· Grunnutdanning; m.a. fagopplæring.

 

Kvar kan kursa vera ?
Opplæring skjer oftast på skulen, men også på bedriftene.

 

Når kan me starta kurs?
Når det er eit passande tal interesserte deltakarar,  
kor mange som trengst
, kjem an på kostnaden med kurset.

 

Kursønske?

Dersom du ikkje finn kurs på desse sidene, som svarar til dine behov,
skal du ta kontakt. Me organiserer ulike kurs straks me har nok interesserte,
så du må berre melda behova dine! 

Bjørk har også god erfaring i å til rettelegga opplæring for enkeltpersonar.

Bjørk arrangerer gjerne spesialkurs på oppdrag for bedriftene.  
Bjørk forvaltar stor kompetanse på mange område, me kan tilby meir enn reine kurs.  Me utviklar, formidlar og sel ulike tenester i høve kompetanseutvikling:
Behovsanalyse, opplæringsplan og opplæringstilbod
.

 

Tar du eit Bjørk-kurs
for å auka kompetansen din, er du også med på å vidareutvikla lokale fagmiljø
og Bjørk som regionen sin kursorganisasjon!